Blinkmatte
1.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning i addisjon og subtraksjon.
Beskrivelse
Del klassen i grupper på 3-6 elevar, som får eit sett med ballar og ein blink. Blinken kan vere ei matte som ein rullar ut eller teiknar med kritt på asfalten. Matter med blink kan kjøpast eller ein kan lage det sjølv ved å teikne ringar på voksduk eller kraftpapir.
Elevene stiller seg nokre meter frå blinken sin (marker gjerne med ei kjegle) og skal prøve å trille ballane slik at dei stoppar på blinken. Der ballen ligg når alle ballane er rulla, avgjer poengsummen for kvar ball. Så må dei legge saman poenga for å finne totalsum. Gruppene kan enten gjennomføre læringsaktiviteten i fellesskap med heile gruppa, eller dei kan dele gruppa i to og konkurrere om å få høgast sum. Kan også legge opp til konkurranse mellom dei ulike gruppene for kvar runde.
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 2. trinn:
utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag
utforske den kommutative og den assosiative eigenskapen ved addisjon og bruke dette i hovudrekning
etter 3. trinn:
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
etter 4. trinn:
utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine
etter 5. trinn:
diskutere tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar og knyte det til brøk
etter 7. trinn:
bruke samansette rekneuttrykk til å beskrive og utføre utrekningar
Variasjon
Kan tilpasse læringsaktiviteten ved val av verdi for ringane på blinken. Dersom ein vil ha med subtraksjon kan til dømes ballen som er best plassert på blinken trekkast frå totalsummen til resten av ballane.
Det er også mogleg å kople på multiplikasjon ved at kvar ball har ein gitt verdi som skal multipliserast med verdien den stoppar på.
Utfordre elevane på rekning med sannsyn for å treffe blinken og knyte det til brøk.
Dersom det blir for vanskeleg med ball eller at underlaget ikkje er flatt nok, kan ein i staden bruke erteposar.
Utstyr
Blink til kvar gruppe og fleire sett med små ballar. Kanskje noko å notere på, ark eller små whiteboardtavler.