Magnetisk tavle

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage ord med magnetiske bokstavar.

Beskrivelse

Del klassen i grupper alt etter kor mange tavler og bokstavsett du har. Bruk magnetiske bokstavar til å lage ord om eit fagleg tema. Det kan til dømes vere substantiv eller andre ordklassar i norsk, byar og land i geografi, mellomalderen i samfunnsfag eller ulike ingrediensar i mat og helse.

Orda kan formast kvar for seg eller dei kan lagast som ein “screbble” der alle orda må henge saman på kryss og tvers. Kassane med bokstavar kan enten ligge under tavlene eller plasserast eit stykke i frå, slik at dei må bevege seg meir for å hente dei.

Kobling til kompetansemål

Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til kompetansemål i mange ulike fag.

Variasjon

Kan også lage setningar og til dømes jobbe med setningsanalyse i norsk. Det fins ulike typar magnetiske bokstavar og nokre sett har matematiske teikn som tal og parenteser, er lik og pluss, minus, gange, dele-teikn. Da kan ein også jobbe med likningar og algebra.

Dei magnetiske teiknsetta er som regel like, så det kan vere ein fordel å ha dei i kvar sin kasse og merke brikkene med ein farge (sjå bilde) slik at dei er lettare å sortere om dei blir blanda.

Utstyr

Magnetiske bokstavar og whiteboardtavler.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
Forrige
Forrige

Til rett tid

Neste
Neste

Blinkmatte