Til rett tid

1.-4. trinn

Matematikk, generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å gjennomføre ulike aktivitetar til rett tid.

Beskrivelse

Heng opp eit stort ark som viser ein oversikt på ulike aktivitetar som elevane skal gjennomføre til ulike klokkeslett. Aktivitetane kan i grunn vere kva som helst men gjerne noko med fagleg fokus. Klokkesletta kan skrivast både på analog og digital form eller på norsk og engelsk, alt etter nivået til elevane. Sjå døme på innhald i bildet til denne læringsaktiviteten.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2. trinn:

  • forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender 

  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel 

Variasjon

La elevane lage sine eigne dagsplanar med aktivitetar til ulike klokkeslett.

Utstyr

Stor klokke (til dømes veggklokka frå klasserommet), ark/plakat med aktivitetar eller oppgåver som skal utførast til gitte tider. Ev. noko utstyr til dei ulike aktivitetane.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Oppsummering

Neste
Neste

Magnetisk tavle