Oppsummering
1.-10. trinn
Generell
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage oppsummering av tekst eller bilde.
Beskrivelse
Del klassen i læringspartnarar eller grupper på 3-6 elevar. Heng opp tekst om eitt eller fleire faglege emne som elevane skal jobbe med. Det kan til dømes vere kopi frå bøker eller utskrift frå Internett. Tekstane kan til dømes hengast på veggar i klasserommet og på gangen, eller på veggar, tre eller stolpar ute. Pass på at det er nok tekstar slik at det ikkje blir lesekø.
Elevane får i oppgåve å skrive oppsummering/referat av det faglege emnet læraren bestemmer eller dei kan få velge emne sjølv. Dei blir utfordra på å hugse sentrale poeng frå teksten og må samarbeide med andre elevar. Oppsummeringa/referatet kan formulerast som ein samanhengande tekst eller som punkt/faktasetningar. Elevane kan skrive oppsummeringa på whitebordtavler, ark/skrivebok eller PC.
Mot slutten av læringsaktiviteten kan kvar gruppe/elevpar presentere arbeidet sitt for dei andre, enten heile klassen eller at ein koplar ulike grupper/par som viser for kvarandre.
Kobling til kompetansemål
Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til kompetansemål i mange ulike fag.
Variasjon
Kan også gjennomførast på motsett vis, ved at oppsummering/referat om aktuelle emne blir hengt opp, og så blir elevane utfordra på å skrive meir utfyllande om emnet. Elevane bør ha jobba med det aktuelle emnet på forhånd. Eit alternativ kan vere å ta utgangspunkt i bilder i stadenfor tekst, der elvane skal skrive om det dei ser i bildet.
Utstyr
Ark med tekst eller bilde om eitt eller fleire emne som elevane skal jobbe med. Noko å skrive på/med.