Trekk ein bokstav

1.-4. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å forme ord og setningar ved å trekke ein bokstav.

Beskrivelse

Del klassen inn i par eller grupper på 3-5 elevar. Kvar elevgruppe treng eit skrivebrett/skrivebok eller ein PC/pad. Legg ein sekk eller ei bøtte med bokstavar (lappar, melkekorkar, laminerte ark, erteposar med bokstavar eller ein spinner der pila peikar ut ein bokstav) i midten og elevgruppene fordeler seg rundt minst 5 meter i frå bokstavane. Kan enten legge det opp slik at elevane ikkje ser kva bokstav dei trekker, eller at dei plukkar fritt. Ein elev frå kvar gruppe/par spring og trekker ein bokstav som dei tar med seg tilbake der den/dei andre elevane på gruppa står. Så skal dei skrive eit ord som enten startar på bokstaven dei har trekt eller har denne bokstaven i seg. Som differensiering eller progresjon i læringsaktiviteten, så kan dei også bli utfordra på å skrive ein setning med denne bokstaven. Neste elev får ikkje trekke ny bokstav før ordet eller setningen er skrive ned. Kor mange ord eller setningar klarar dei å lage?

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i norsk etter 2.trinn:

  • beskrive og fortelle muntlig og skriftlig 

  • utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk 

  • leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord 

  • trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving 

etter 4. trinn:

  • beskrive, fortelle og argumentere muntlig og skriftlig og bruke språket på kreative måter 

  • sammenligne ord og uttrykk i norsk og andre språk 

  • utforske forskjeller og likheter mellom skriving på hovedmål og sidemål 

Variasjon

  • Læringsaktiviteten kan også gjennomførast munnleg ved at dei spring bort til læraren eller den/dei andre på gruppa og seier ordet eller setningen høgt

  • Kan utfordre elevane på å skrive ordet på både hovudmål og sidemål eller norsk og engelsk

Utstyr

Mange bokstavar i form av lappar, melkekorkar eller erteposar. Noko å skrive med og på til kvart par eller elevgruppe.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Reknemester

Neste
Neste

Statistikk med hoppetau