Statistikk med hoppetau

3.-10. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane brukar hoppetau til arbeid med statistikk og rekneark.

Beskrivelse

Del klassen inn i læringspar som delar eitt hoppetau. Den eine hoppar tau medan den andre tel hoppa, før dei byter. Lærar kan notere ned kor mange hopp kvar elev klarar, men elevane hugsar det som regel sjølv. Det er eit poeng at det er to som samarbeider, slik at dei har vitne til kor mange hopp eleven klarar. Denne aktiviteten kan gjennomførast som ei enkelt økt, over ein lenger periode eller gjennom heile året. Elevane kan ta nye personlege rekordar i friminutt eller heime, berre dei har vitne til kor mange hopp dei klarar.

Når elevane skal behandle talmaterialet deler du klassen inn i grupper på 4-6 elevar viss ikkje du alt har faste grupper. Elevgruppene legg resultata sine inn i eit rekneark og kan deretter rekne ut til dømes gjennomsnitt for gruppa. Dei kan også bli utfordra på å lage flotte søylediagram i fine fargar. Reknearket kan dei oppdatere etter kvart som elevane tar nye rekordar, og dei vil sjå at gjennomsnittet forandrar seg. Kvar elev kan godt lage kvart sitt rekneark slik at dei lærer å bruke Excel, eller dei kan jobbe i same dokument.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i matematikk etter 6.trinn:

  • bruke variablar og formlar til å uttrykkje samanhengar i praktiske situasjonar 

etter 7. trinn:

  • utforske og bruke formålstenlege sentralmål i sine eigne og andre sine statistiske undersøkingar 

  • logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling 

etter 8. trinn:

  • lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar 

Variasjon

Kan bruke slengtau i staden for hoppetau, eller kanskje utfordre dei på å bruke to slengtau samtidig om dei vil prøve “Double Dutch”. Kan også fint bruke anna talmateriale frå fysisk aktivitet som til dømes kast eller pakking med ball. Det kan også vere kor langt eller høgt dei hoppar, eller kor lang tid dei brukar på å springe ein avstand.

Utstyr

Hoppetau eller slengtau. Noko å notere på, og etter kvart treng dei PC eller pad. Anna utstyr som ballar eller stoppeklokke om dei vil samle anna talmateriale til arbeid med statistikk.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Trekk ein bokstav

Neste
Neste

Oppgåve eller svar