Oppgåve eller svar

1.-7. trinn

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på finmotorikk og samarbeid om å finne løysinga i form av oppgåve eller svar.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 4-6 elevar og gi ein ball til kvar gruppe. Gruppene stiller seg opp i ein sirkel med ein i midten. Eleven i midten seier ei oppgåve eller eit svar høgt, og da skal eleven som har ballen kaste den til ein annan i sirkelen når dei har løyst utfordringa, og den i midten skal prøve å fange ballen. Denne læringsaktiviteten kan passe fint til øving i gangetabellen, ordklassar, gloser, geografi, andre rekneartar og mange andre emne.

Døme: Tema for læringsaktiviteten kan vere gangetabellen og nærare bestemt 8-gangen. Eleven i midten seier 56 høgt. Elevane i ringen samarbeider om å finne ut kva oppgåve som passar til det svaret. Dei svarar til dømes 7 x 8 eller 8 x 7, og ballen blir kasta til ein annan i sirkelen. Viss dei svarar feil, ballen dett i bakken eller den i midten fangar den, så byter den som står i midten men ein i sirkelen.

Kobling til kompetansemål

Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til mange fag og emne.

Variasjon

Ordklassar: Eleven i midten kan sei eit ord, og elevane i sirkelen seier namnet på ordklassen. Seier eleven ein ordklasse, så skal elevane i sirkelen sei eit ord i den ordklassen.

Engelske gloser: Eleven i midten seier eit ord på norsk. Elevane i ringen seier ordet på engelsk. Eller omvendt.

Addisjon: Eleven i midten seier eit reknestykkje med addisjon (8 + 5), og elevane i ringen seier svaret. Eller eleven seier eit tal (23) og elevane i ringen seier ei oppgåve som gir det svaret.

Utstyr

Ein ball til kvar gruppe.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Statistikk med hoppetau

Neste
Neste

Klappesang