Reknemester

1.-10. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på merksemd, teljing og rekning.

Beskrivelse

Læringsaktiviteten er inspirert av TV-programmet “Mesternes Mester” som går på NRK. Konseptet er ganske enkelt, men gir mange mulegheiter for tilpassing til ulike nivå. Elevane kan gjennomføre individuelt, parvis eller i gruppe.

Legg ut mange like/tilnærma like objekt på eit bord ( til dømes: blad/løv, melkekorkar, blyantar/viskelær), slik at det vert litt utfordrande å telje alle. Heng opp eller legg ut to typar objekt innanfor eit avgrensa område inne eller ute. Det kan vere lappar med bokstavar eller tal, tennisballar eller refleksar, eller andre aktuelle objekt. Dei får ikkje ta borti objekta når dei skal telje dei. Storleiken på objekta og kor mange det er av kvart objekt er med på å bestemme vanskegraden til læringsaktiviteten. Elevane skal prøve å funne ut kor mange det er av kvart objekt, og deretter rekne med desse tala. Den enklaste varianten er å berre legge saman tala og finne summen. Dei går til læraren (ev. andre elevar som har fått det ansvaret) for å avgi svar på kor mange dei trur det er av kvart objekt og kor mykje det blir til saman. Dei må svare rett på alle tala dei oppgir for å få godkjent. Ein måte å tilpasse vanskegraden på er å nytte fleire rekneartar med tala dei kjem fram til. Det kan til dømes vere å multiplisere to av tala og trekkje frå det siste.

Dersom elevane svarar feil, må dei telje på nytt. Lærar kan med fordel gi nokre hint til elevar som strevar meir enn andre, for å jamne det ut litt. Ha ein aktivitet klar til dei som svarar rett. Det kan vere å jobbe i boka, gjennomføre andre aktivitetar, hjelpe nokre av dei andre elevane eller få ansvar med å ta i mot svar frå elevane i aktiviteten.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål matematikk etter 2. trinn:

  • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane 

etter 4. trinn:

  • lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk 

etter 6. trinn:

  • bruke variablar og formlar til å uttrykkje samanhengar i praktiske situasjonar 

etter 10. trinn:

  • lage, løyse og forklare likningssett knytte til praktiske situasjonar 

Variasjon

Kan differensiere aktiviteten til å gjelde berre ein eller to typar objekt dei skal telje, eller det kan vere fleire enn tre typar objekt.

Kan også differensiere mellom dei ulike deltakarane ved at dei får ulike oppgåver eller skal bruke ulike rekneartar i utrekninga.

Utstyr

Ulike objekt som skal teljast.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Idealtid

Neste
Neste

Trekk ein bokstav