Idealtid

1.-10. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på tidsbegrep.

Beskrivelse

Ta med heile klassen på ei felles rundløype, gjerne i skulegarden, der de går eller joggar i lag og tar tida på heile runden. Da veit alle kor runden går og kva tempo ein bevega seg i. Etter ein liten pause, så utfordrar du alle elevane til å prøve å kopiere tida på ein ny runde. Lærar står att og tar tida, og alle elevane startar samtidig. Når tida er identisk med fellesrunden ropar læraren stopp. Den som er nærast mål der læraren står har klart å berekne tida best.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål matematikk etter 2. trinn:

  • forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender 

Variasjon

Lærar kan også stå ved start/mål området og ta tida på første runden der elevane sjølv bestemmer kva tempo dei vil bevege seg i. Når elevane fullfører runden så får dei sjå tida dei har brukt og må hugse den sjølv, eller at det blir notert ned. Etter ein liten pause, så skal dei prøve å kopiere si eiga tid etter beste evne.

Utstyr

Stoppeklokke eller mobiltelefon med tidtakarfunksjon.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Dykk og hent

Neste
Neste

Reknemester