Dykk og hent

1.-7. trinn

Matematikk, Symjing

Inne

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å dykke etter oppgåver i bassenget.

Beskrivelse

Del klassen i par/læringspartnarar. Skriv rekneoppgåver på elektrikartape som du festar til ringar meint for bruk i basseng. Det kan til dømes vere oppgåver frå gangetabellen. Lag laminerte svarbrikker til kvar oppgåve som blir plassert på bassengkanten. Elevane byter på å dykke etter oppgåver og samarbeider om å finne ut kva dei meiner er svaret og legg ringen der. Lærar og/eller andre elevar som er på land kan vurdere om svaret er rett, og kastar ringen uti att. Om ein vil legge opp til konkurranse, så kan dei få samle på svarkorta når dei svarar rett, og køyre aktiviteten til det er tomt for svar.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i kroppsøving etter 2. trinn:

  • leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn 

etter 4. trinn:

  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land 

etter 7. trinn:

  • utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn 

Variasjon

Læringsaktiviteten kan differensierast på det faglege innhaldet og kor djupt ein vel å legge ringane. Kan også køyre læringsaktiviteten motsatt ved å ha svar på ringane og oppgåva på land.

Utstyr

Elektrikartape, vannfast tusj, dykkeringar og laminerte svarkort.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Ta tida

Neste
Neste

Idealtid