Ta tida
3.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på tidsbegrep og tar tida på kvarandre.
Beskrivelse
Del klassen i par/læringspartnarar eller grupper på tre. Kvart par/gruppe får ei stoppeklokke eller brukar mobilen sin til å ta tida. Gå ut og finn ei løype eller ein bakke som elevane skal springe eller gå raskt. Ein av elevane gjennomfører avtalt løype og den/dei andre tar tida. Enten må dei hugse den aktuelle tida eller dei kan notere den ned. Så skal den andre prøve å kopiere denne tida. Når begge/alle har fullført kan dei samanlikne tidene og rekne ut differansen. Kan vere ein fordel om løypa er slik at dei brukar meir enn eitt minutt, slik at det kan bli ein lærerik samtale om minutt, sekundar, tidelar og hundredelar.
Kobling til kompetansemål
Kompetansemål i matematikk etter 3. trinn:
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
etter 5. trinn:
formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere
etter 6. trinn:
utforske strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
Variasjon
Kan også gjennomførast inne. Lag til dømes ei hinderløype i klasserommet, gymsalen eller i gangarealet.
Utstyr
Stoppeklokke eller at dei nyttar eigen mobiltelefon. Noko å notere på kan vere lurt.