Gjett vinkelen
3.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å gjette kor mange grader ein vinkel er.
Beskrivelse
Del klassen inn i grupper på 3-5 elevar. Kvar gruppe får eit hoppetau og ei gradskive (gjerne ei stor tavlegradskive). Ein av elevane på gruppa lagar ein vinkel med hoppetauet, og dei andre skal gjette kor mange grader vinkelen er. Deretter kan den som laga vinkelen, måle kor mange grader den er. Ved behov kan dei samarbeide om å måle vinkelen. Kvar enkelt kan rekne ut differansen mellom det dei tippa og det målinga viste. Neste elev lagar ein vinkel, og slik held dei fram.
Kan legge til at dei som skal gjette bestemmer om det skal lagast ein spiss eller stump vinkel.
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 4. trinn:
utforske, beskrive og samanlikne eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar ved å bruke vinklar, kantar og hjørne
Variasjon
Kan også lage store vinklar på ark, bruke krit på asfalt eller tape på golvet.
Utstyr
Hoppetau og gradskive til kvar gruppe.