Tall i bevegelse
1.-4. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på rekning og sortering av ulike tall.
Beskrivelse
Del ut vestar med tall eller ark (gjerne laminert) med tall som elevane festar på kleda sine. Det fins fine vestar i fleire fargar med tall på. Be dei om å springe rundt i rommet eller på eit avgrensa område ute, til du seier stopp eller bles i fløyta og alle står i ro. Så kan du gi dei ulike utfordringar der dei skal rekne med tala. Dei kan til dømes gå saman to og to med den som står dei nærast etter at dei stoppa, og rekne ut summen av tala dei har på seg. Eller du kan be dei gå saman tre og tre, fire og fire eller liknande, og rekne ut summen, tverrsummen, stille seg opp i stigande/synkande rekkefølge. Dei kan også bli utfordra på å lage partall, oddetall eller primtall ved å gå saman med fleire andre. Ein variant kan vere at alle partall, oddetall og primtall skal samla seg i grupper. Dersom ein vel å berre nytte tall frå 0-9, kan du jobbe med posisjonssystemet og lage så store eller små to, tre, fire eller fem-sifra tall som mogleg. Her er mange moglegheiter. Når elevane har rekna ferdig, kan dei rope ut svaret, setje seg ned eller gjere andre teikn på at dei har rekna ut. Så spring dei rundt igjen, før du gir dei nye utfordringar. Kanske ein kan bruke andre rekneartar enn addisjon?
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 2. trinn:
ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar
utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
utforske og beskrive generelle eigenskapar ved partal og oddetal
beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar
utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag
utforske den kommutative og den assosiative eigenskapen ved addisjon og bruke dette i hovudrekning
etter 3. trinn:
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
Variasjon
Kan legge inn leikande element, som at dei med partall skal prøve å fange dei med oddetall. Kanskje nokre av elevane kan ha på seg pluss, minus, gange eller dele-teikn, slik at du kan utfordre dei på å lage reknestykkje som gir bestemte svar? Om dei nyttar vestar med ulike fargar, kan dei til dømes rekne ut summen av talla i kvar farge. Dei kan også gå saman gut og jente, og rekne med talla dei har på seg.
Utstyr
Vestar med tall eller ark med tall som dei kan feste til kleda sine.