Brøkstrek
3.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet kor elevane representerer og brukar brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar.
Beskrivelse
Del klassen i grupper på 3-6 elevar. Bruk gjerne faste gjennomtenkte grupper. Kvar gruppe får eit hoppetau og ein terning. Terningen kan vere ein vanleg terning med 1-6 auger eller ein terning som går frå 1-10, eller som viser ulike brøkar. Hoppetauet representerer ein heil.
Ein på gruppa triller terningen to gonger (evt ha to terningar) der den eine verdien blir teljar og den andre nemnar. Om du vil avgrense til berre ekte brøkar der teljar er mindre eller lik nemnar, så må den høgaste verdien vere nemnar. Viktig at eleven trillar terning så dei andre på gruppa ikkje ser.
Utfordringen blir å vise kva brøk ein har trilla ved å plassere eine foten på hoppetauet. Resten av gruppa diskuterer kva brøk dei meiner blir vist og får tre forsøk på å tippe rett brøk. Når det er gjort, kan ein annan elev i grippa få prøve seg. Eleven som viser brøken kan justere plasseringa av foten sin mellom kvart forslag frå gruppa.
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 4. trinn:
utforske og bruke målings- og delingsdivisjon i praktiske situasjonar
representere divisjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
Matematikk etter 5. trinn:
utforske og forklare samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent og bruke det i hovudrekning
beskrive brøk som del av ein heil, som del av ei mengd og som tal på tal linja og vurdere og namngi storleikane
representere brøkar på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
Matematikk etter 7. trinn:
utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
representere og bruke brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene
Variasjon
Ein kan også fokusere på desimaltal eller prosent, enten kvar for seg eller i kombinasjon med brøk. Ta med uekte brøkar for å gjere det vanskelegare. Kan til dømes vere differensiering for enkelte av elevgruppene som viser god forståing med ekte brøk.
Utstyr
Hoppetau og terningar.