Tallinje

1.-4. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra i rekning med terningar på tallinje.

Beskrivelse

Til denne læringsaktiviteten kan ein bruke ferdige tallinjer som er å få kjøpt, lage dei sjølv av voksduk eller papirrull, bruke kritt på asfalten eller tape på golvet. Tilpass tallinja og valg av terningar etter nivået til elevane. Dei yngste elevane kan klare seg med ei tallinje frå 0-10 og dei eldste frå 0-30/50/100. Bruk vanlege terningar eller store skumterningar som viser tall frå 0-10/12/20.

Del klassen i læringspartnarar eller grupper på 3-5 elevar som får ein terning kvar. Elevane byter på å trille terningen og flyttar ei kjegle eller hoppar på tallinja det terningen viser. Den enklaste varianten er at dei berre flyttar/hoppar framover for kvar gong til dei kjem til enden av tallinja, og får til dømes eitt poeng, før dei startar på nytt. Kor mange poeng klarar dei? Kven klarar flest poeng? (dersom ein ønsker konkurranseelement).

For å utfordre elevane litt meir, kan dei kombinere addisjon og subtraksjon. På første trilling så går dei framover(addisjon) på tallinja, og andre trilling så går dei bakover(subtraksjon). Slik held dei fram anna kvar gong. Her er det terningen som avgjer framdrifta. Utfordre elevane til å rekne ut før dei hoppar eller går ved å telje på tallinja. Da får dei kontrollert om utrekninga stemmer. Døme: Nokon står på talet 17, og terningen viser 9. Dei diskuterer og reknar ut kva tal dei kjem til ved å addere 17 med 9. Så hoppar/går dei 9 steg oppover på tallinja og samanliknar svaret dei kom fram til med talet der dei stoppa. Prøv gjerne også med andre terningar.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2. trinn:

  • eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane 

etter 3. trinn:

  • utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar 

  • utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing 

etter 4. trinn:

  • lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk 

Variasjon

Elevane kan til dømes bruke ein 1-10 terning for addisjon og ein vanleg 1-6 terning for subtraksjon. Det vil gjere det lettare å kome oppover på tallinja.

Kan bruke tallinjer med både negative og positive tal. Da kan dei til dømes starte på minus 10 eller 20, og blir dermed utfordra på rekning forbi 0.

Kan lage tallinje med golvmerking som både er dekorativt og robust(sjå bilde) eller tape linje og tal på golvet.

Utstyr

Tallinje (gjerne fleire tallinjer om elevgruppa er stor) og terningar som høver til tallinja som skal brukast.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Rask prat

Neste
Neste

Brøkstrek