Rekneduell
1.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning.
Beskrivelse
Elevar utfordrar kvarandre i hovudrekning. Del elevane i par, grupper på 3-6 eller i to store grupper. Dei stiller seg overfor kvarandre eller i rekker og gjer armbevegelsar lik aktiviteten "stein, saks, papir", men i staden viser dei eitt tal fingrar på ei eller to hender. Det er ein fordel at dei viser tal fingrar med flat hand, slik at det blir enkelt å sjå kor mange fingrar dei viser. Sidan læringsaktiviteten er tenkt som duell, så er det den som svarar rett først som vinn duellen og den andre må stille seg bak i rekka eller den som svarar rett får eit poeng. Kan ha som ein regel at svarar du feil så få du minuspoeng. Da vil det ikkje lønne seg å svare utan å tenke seg om.
- Addisjon: Legge saman tal fingrar som begge elevane viser og svare så raskt ein kan.
- Subtraksjon: Det største tal fingrar minus det minste eller at det blir null. Kan også velje at det er fast kven sine tal fingrar som skal trekkast i frå, viss ein vil jobbe med rekning der svaret kan bli negative tal. ¨
- Multiplikasjon: Gange tal fingrar som blir vist med kvarandre.
- 10-ar og 20-ar vener: Ein svarar kva som er 10-ar eller 20-ar venen til summen av tal fingrar som blir vist. Om dei brukar begge hender er det 20-ar vener som gjeld og brukar dei ei hand blir det 10-ar vener.
- Brøk: Den eine eleven viser nemnar og den andre teljar. Sei kva brøken heiter og om det er ein ekte eller uekte brøk. Venstre hand kan til dømes vere ein fast nemnar på 5 og høgre hand viser teljar. Elevane skal addere eller subtrahere brøkane.
Desimaltal: Venstre hand kan til dømes vise heile tal og høgre tidelar. Elevane reknar ut summen av desimaltala.
Prosent: Elevane kan til dømes bli utfordra på å sei kva prosentverdi den andre eleven viser. Høgre hand kan vise 10-arar og venstre hand einarar.
Kobling til kompetansemål
Kompetansemål i matematikk etter 2. trinn:
- utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag
- utforske den kommutative og den assosiative eigenskapen ved addisjon og bruke dette i hovudrekning
etter 3. trinn:
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
- utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
- representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
etter 5. trinn:
-representere brøkar på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
-utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
etter 6. trinn:
- utforske strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
etter 7. trinn:
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
- representere og bruke brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene
Variasjon
Læringsaktiviteten kan differensierast ved valg av rekneart, bruk av ein eller to hender eller øving i 10-ar eller 20-ar vener.
Om ein køyrer denne aktiviteten med heile klassen fordelt på to rekker, så kan ein til dømes kåre dagens reknemester ved at den som til slutt står att er vinnaren.
Utstyr
Måleband, kjegler og tape eller kritt til å markere ulike avstander. Gruppene trenger kladdebok og blyant eller små whiteboard/skriveplater. En trenger litermål og/eller vekt dersom man velger å jobbe med volum/vekt.