Reknesisten
Alle
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning integrert i leiken “sisten”.
Beskrivelse
Reknesisten fungerer nesten som stiv heks, berre at elevane må rekne for å bli fri.
Velg 2-3 elevar som skal prøve å ta dei andre. Viss du blir tatt, stiller du deg opp med ein eller to armar ut frå kroppen. Andre elevar som ikkje er tatt kan befri ved å stille seg opp framfor den som er tatt og begge gjer armbevegelsar lik aktiviteten "stein, saks, papir", men viser eitt tal fingrar i staden. Det er ein fordel at dei viser tal fingrar med flat hand, slik at det blir enkelt å sjå kor mange fingrar dei viser. Eleven som er tatt kan til dømes få velje om dei vil rekne med ein eller to hender, og blir fri ved å rekne ut.
Læringsaktiviteten kan enkelt differensierast ved valg av rekneart, bruk av ein eller to hender eller at dei øver på 10-ar og 20-ar venner.
Kobling til kompetansemål
Kompetansemål i matematikk etter 2. trinn:
- utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag
-utforske den kommutative og den assosiative eigenskapen ved addisjon og bruke dette i hovudrekning
etter 3. trinn:
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
- utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
etter 4. trinn:
- lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
etter 5. trinn:
- representere brøkar på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
etter 7. trinn:
- utforske negative tal i praktiske situasjonar
Variasjon
Læringsaktiviteten fungerer like fint med addisjon som multiplikasjon. Divisjon er meir utfordrande, men her kan ein til dømes bestemme at dei berre får vise bestemte tal for at det ikkje skal bli for vanskelege oppgåver.
Om ein vel å jobbe med subtraksjon, så kan ein bestemme at dei skal ta det største tal fingrar minus det minste eller at det til dømes alltid er tal fingrar på den som er tatt minus den som befrir, slik at dei også får øve med negative tal.
Kan også rekne med brøk der til dømes venstre hand viser teljar og høgre hand viser nemnar, eller at handa til den som er tatt viser teljar og den som befrir viser nemnar (sei brøken). Eller dei kan rekne med desimaltal der eine handa viser einarar og den andre tidelar.
Utstyr
Treng ikkje utstyr men kan ev. ha nokre vestar eller merkeband til dei som skal “ha den”.