Ordkryss

1.-7. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage og samanlikne ord.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-6 elevar eller i par, alt etter kva utstyr ein har valt å bruke i læringsaktiviteten.

Elevane trekker eller trillar terning og får ein bokstav. Bokstaven dannar utgangspunkt for eit ordkryss dei skal lage med denne bokstaven i krysspunktet, gjerne eit lite stykke unna der dei fekk bokstaven. Dei skriv eit ord horisontalt og eitt vertikalt der bokstaven er felles for begge orda. Orda dei skal skrive kan vere knytt til eit tema eller ein bestemt ordklasse. Det kan til dømes vere ord på norsk horisontalt og omsett til eit anna språk vertikalt.

Kor mange ordkryss klarar dei å lage?

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i norsk etter 2. trinn:

- trekke bokstavlydar samen til ord under lesing og skriving

etter 4. trinn:

- samanlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk

Kompetansemål i engelsk etter 4. trinn:

- samenlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk

etter 7. trinn:

- utforske og bruke uttalemønster og ord og uttrykk i leik, sang og rollespel

Variasjon

Utfordre elevane til å lage setningar med orda i ordkryssa. Setningen kan dei enten skrive eller sei munnleg.

Bestem at orda skal vere visst lange, til dømes minst 6 bokstavar.

Døme på organisering:

Set ein kasse med magnetbokstaver (til dømes snudd opp ned om dei ikkje skal sjå kva bokstav dei trekker) 20-30 m fra whiteboardtavlene (som du kanskje har skrudd fast på ein vegg i skulegarden?). Gruppene spring bort til kassen og trekker ein bokstav som dei plasserar på tavla. Så diskuterer dei i gruppa for finne ord dei kan skrive horisontalt og vertikalt med utgangspunkt i bokstaven som blir felles for begge orda.

Utstyr

Magnetiske bokstavar og whiteboardtavler, bokstaverteposar og ark, skumterning med bokstavar eller kort/lappar med bokstavar (gjerne laminert).

Tusjar eller blyantar.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Rekneduell

Neste
Neste

Levende memory