QR-kode jakt

Alle

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane går på jakt etter QR-kodar som gir dei oppgåver.

Beskrivelse

Gå inn på denne nattstaden; https://www.qr-code-generator.com/ og lag QR-kodar som blir kopla til oppgåver som elevane skal løyse. Her kan du legge inn både tekst, bilete og video. Skriv ut kodane og heng dei opp på ulike plassar. Elevane scannar QR-kodane med mobilen/paden som fører dei til oppgåva du har valt for den aktuelle koden.

Kobling til kompetansemål

Læringsaktiviteten er generell og kan nyttast til alle fag og emne.

Variasjon

QR-kodane kan til dømes hengast opp inne i klasserommet, i gangane på skulen, ute i skulegården eller langs ein sti på ein tur.

Elevane kan gå på jakt og leite etter kodar, eller du kan markere plasseringa til kodane på eit kart. Kodane kan også nyttast som del av eit orienteringsopplegg med koda på dei ulike O-postane.

Utstyr

QR-kodar som du skriv ut.

Kan vere ein fordel å laminere kodane om dei skal nyttast ute.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Jenka

Neste
Neste

Rollespel om mobbing