Kroppen

1.-4. trinn

Norsk, engelsk, KuH

Inne

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å teikne ein kropp i full storleik og namngi kroppsdelane.

Beskrivelse

Del inn i grupper på 3-5 elevar. Gi kvar gruppe eit gråpapir på omlag 150 cm som dei festar til golvet med tape i kvart hjørne. Kvar gruppe vel ein elev dei skal teikne omriss av på gråpapiret. Heng opp plakatar som viser ein oversikt med namn på dei ulike kroppsdelane på norsk og engelsk eller at elevane har tilgang på bøker om tema og/eller digitale ressursar.

Elevane samarbeider om å skrive namn på dei ulike kroppsdelane og teikne på og fargelegge ansikt og klede.

Gruppene kan få presentere arbeidet sitt for resten av klassen når alle er ferdige.

Kobling til kompetansemål

Norsk etter 2. trinn:

  • trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving 

etter 4. trinn:

  • utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk 

  • holde muntlige presentasjoner med og uten digitale ressurser 

Engelsk etter 2. trinn:

  • koble språklyder til bokstaver og stavemønstre og trekke bokstavlyder sammen til ord 

  • lese og eksperimentere med å skrive kjente ord, fraser og enkle setninger 

KUH etter 2. trinn:

  • studere form gjennom å tegne, male og fotografere 

Variasjon

Å skrive på engelske namn kan til dømes vere frivillig, dersom det blir litt utfordrande.

Utstyr

Rull med gråpapir, blyantar, fargeblyantar og ark med namn på kroppsdelar på norsk og engelsk.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Terningen befaler

Neste
Neste

Matematiske tegn