Typetal, median og gjennomsnitt

5.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å finne typetal, median og gjennomsnitt i elevgruppa.

Beskrivelse

Kvar elev får eit ark der dei skriv eit tal mellom 1 og 9. Be elevane om å stille seg opp på ei lang rekke frå det minste talet til det største. Om det er fleire som har like tal, så er det den som er født først på året som skal stå lengst til venstre på rekka.

  1. Utfordre elevgruppa på om dei klarar å finne ut kva som er typetalet

  2. Neste utfordring er å finne medianen

Be elevane som har same tal om å stille seg bak kvarandre slik at dei dannar eit levande søylediagram. Du lagar ein frekvenstabell på tavla eller på ein PC i samarbeid med elevane ved at dei fortel kor mange dei er i kvar søyle.

  1. Kvar elev lagar sin eigen frekvenstabell og teiknar eit søylediagram i boka si

  2. Forklar dei korleis ein reknar ut gjennomsnitt og be dei rekne det ut i boka

  3. Utfordre elvane på å lage frekvenstabell og søylediagram digitalt (td i excel eller Google rekneark)

  4. Vis korleis ein reknar ut gjennomsnitt i eit rekneark og be elevane om å gjere det sjølv etterpå

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 6. trinn:

  • bruke variablar og formlar til å uttrykkje samanhengar i praktiske situasjonar 

etter 7. trinn:

  • bruke samansette rekneuttrykk til å beskrive og utføre utrekningar 

Variasjon

Lag arka med tal på førehand og be elevane trekke eit tal kvar.

Bruk andre tal.

Utstyr

Ark og tusjar til å skrive tala. Skrivesaker og ark eller skrivebok med ruter. PC med programvare for rekneark.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Terning QUIZ

Neste
Neste

Noomer og multiplikasjon