Terning QUIZ

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane lar terningen bestemme kva oppgåver dei skal løyse i ein QUIZ.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-6 elevar. Lag 25 oppgåver om eit aktuelt tema/fag eller fleire tema/fag på kvar sitt ark og merk dei med store tall på baksida (1-25). Legg gjerne arka i plastlommer eller laminer dei, slik at dei kan nyttast ute og/eller tåler regn og kan nyttast fleire gonger. Fordel oppgåvene utover eit område du disponerer til læringsaktiviteten. Det kan vere både ute og inne. Lærar står sentralt plassert og har ein eller fleire vanlege terningar (1-6). Kvar gruppe trillar terningen for å vite kva oppgåve dei skal finne og løyse. Gruppene bestemmer ein felles dyrelyd for å kunne samle gruppa på ein effektiv måte når ein av dei har funne den rette oppgåva. Når gruppa er samla kan dei snu oppgåvearket og samarbeide om å løyse oppgåva, før dei spring til læraren for å avgi svaret. Om dei svarar rett får dei trille på nytt, og legg saman det terningen viser med det dei hadde. Dersom dei var på oppgåve 3 og trillar 5, så skal dei leite etter oppgåve 8. Om dei svarar feil kan regelen vere at dei går til neste oppgåve (svarar dei feil på oppgåve 3, så går dei til oppgåve 4). Kven kjem først til 25? Gruppene som har fullført QUIZen kan enten ta ein runde til eller dei kan få velge ein annan aktivitet.

Døme på oppgåve i KRLE:

Kva heiter jødanes gudshus? (kan ev. ha med svaralternativ: A) Kyrkje B) Synagoge C) Moskê)

Kobling til kompetansemål

Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til kompetansemål i mange ulike fag.

Variasjon

Kan velge å henge opp oppgåvene. Elevane kan få nytte ein hjelpestasjon med bøker om tema dersom dei ikkje veit svaret på oppgåva. Ein slik stasjon kan stå litt unna, slik at dei ikkje vel å nytte den med ein gang. Bruk til dømes store skumterningar viss du har tilgang på det. Det synes spesielt dei yngste elevane er litt meir spanande å trille. Sidan elevane berre svarar på eit utval av oppgåvene, så kan læringsaktiviteten med det same oppgåvesettet nyttast fleire gonger i klassen.

Utstyr

25 ark med oppgåver og terningar (1-6).

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Gangekast

Neste
Neste

Typetal, median og gjennomsnitt