Noomer og multiplikasjon
3.-4. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å sjå samanhengen mellom gjentatt addisjon og multiplikasjon.
Beskrivelse
Noomer er konkretar frå dataspelet “Dragonbox” som mange kjenner til etter kvart. Det kan vere ein fordel å ha kjennskap til noomene og spelet på førehand, men elevane lærer fort kva det går ut på og vil klare å gjennomføre denne læringsaktiviteten utan denne erfaringa. Noomer er strekfigurar(stavar) med ulike fargar og lengder som har ein talverdi frå 1-10. Legg eit gitt tal noomer med same farge i 10-20 gjennomsiktige plastposar som du heng opp på ulike plassar i skulegarden eller inne på skulen. Oppgåva til elevane er å lokalisere ein og ein plastpose, og finne ut kor mange noomer det er i posen og kva verdi noomen har. Elevane kan gjennomføre læringsaktiviteten individuelt, i læringspar eller som gruppe, men det er ein fordel om alle skriv ned reknestykka i boka si eller på små eller store whiteboardtavler.
Alle elevane skriv først ned reknestykket i form av gjentatt addisjon (td. 4+4+4+4+4 = 20) og ved hjelp av rekketeljing kome fram til svaret. I tillegg skal dei skrive det som multiplikasjonsstykke (4 x 5). Dei viser reknestykka sine til lærar før dei leitar etter fleire plastposar.
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 3. trinn:
utforske multiplikasjon ved teljing
representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom de ulike representasjonene
etter 4. trinn:
utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
Variasjon
Kan vere greitt å informere om at det ikkje er ein konkurranse om å klare flest reknestykke. Viss ein ønsker å legge opp til konkurranse er det anbefalt å gjere det i jamne grupper.
Utstyr
Gjennomsiktige plastposar, noomer, skrivesaker og skrivebøker eller små/store whiteboardtavler og tusjar.