Ordklassejakt

3.-4. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på sortering av ord i ulike ordklassar som dei skal bruke i ei forteljing.

Beskrivelse

Elevane bør ha litt forkunnskap om ordklassar før dei gjennomfører denne læringsaktiviteten. Alle elevane lagar først tre kollonner i skriveboka si, med verb, substantiv og adjektiv som overskrift. Lag lappar med 5-10 ord i kvar ordklasse som du heng rundt i klasserommet og på gangen. Del klassen i jamne grupper på 3-5 elevar, slik at dei kan hjelpe kvarandre med sortering av orda.

Elevgruppene går samla på jakt etter ord og samarbeider for å finne ut kva ordklasse (kollonne) dei meiner ordet høyrer til. Alle på gruppa skriv inn orda i skriveboka si. Elevane kan få vite kor mange ord det er toltalt men dei må ikkje finne alle. På signal frå læraren er ordjakta over, og dei blir utfordra på å skrive ei forteljing der dei skal nytte alle orda dei har funne. Forteljinga kan dei samarbeide om å skrive gruppevis eller individuelt. Uansett ein fordel om alle skriv i kvar si bok for at dei skal få skrivetrening.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål etter 4. trinn:

  • bruke fagspråk om setningsoppbygning og bøying av verb, substantiv og adjektiv i
    samtalar om språk og om eigne og andre tekstar

  • utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk 

  • skrive tekstar med funksjonell håndskrift og med tastatur 

Variasjon

Kan ta med fleire eller andre ordklassar. Elevane kan dramatisere og vise forteljinga si.

Utstyr

Lappar med ord i dei ulike ordklassane. Skrivebøker og skrivesaker.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Noomer og multiplikasjon

Neste
Neste

Terningen befaler