Fotspor, GPS-løype

Alle

Generell

Ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane nyttar mobil/pad til å finne oppgåver på GPS punkt.

Beskrivelse

Lag deg ein brukarkonto på fotspor.mobi med ein PC. Her kan du bestemme GPS-punkt på eit valt kartutsnitt med oppgåver som blir synlig når ein fysisk er på det aktuelle punktet. Ein kan velje blant fire ulike “fotspor”. Oppgåvene kan vere i form av tekst, bilete eller video og redigeringsverktøyet er enkelt å bruke. For å aktivere “fotsporet” du har laga, må du trykke på del. Da får du ein kode på fem teikn som du gir deltakarane. Elevane må laste ned appen “Fotspor” på mobilen/nettbrettet. Når koden er tasta inn vil “fotsporet” bli synleg på mobilen.

Kobling til kompetansemål

Kan nyttast til alle fag og emne.

Variasjon

Elevane kan gjennomføre “fotsporet” i gruppe, slik at dei kan diskutere og hjelpe kvarandre.

Lag “fotspor” langs stien på ein fottur med eit aktuelt tema knytt til sjølve turen.

Det er fire ulike “fotspor” å velge mellom. Om alle GPS-punkta skal vere synleg heile tida eller om neste punkt skal kome til syne når eit punkt er besøkt. Kan også velge ein som gir hint om kvar punktet er plassert eller at ein kan velje punkta utan å måtte vere fysisk på GPS-punktet.

Deltakarane kan ikkje svare på oppgåvene i appen, men den funksjonen er under utvikling og vil kome i ein oppdatert versjon av appen. Det passar fint å drøfte oppgåvene frå “fotsporet” i ein samtalesirkel etter gjennomføring (læringsaktiviteten “Samtalesirkel” finn du her på FALtastisk.no).

Utstyr

PC til å lage “fotsporet” og deltakarane treng ein mobil einheit (mobil/pad) med GPS-funksjonalitet.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Rollespel om mobbing

Neste
Neste

Areal og volum