Læringssirkel
1.-4. trinn
Generell
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra auditivt og visuelt, ved at dei spring til svaret dei meiner er rett når dei høyrer kva ord læraren seier høgt.
Beskrivelse
Vel ut 4-8 elevar til å stå i ein stor ring og halde eit A3 ark (gjerne laminert) kvar med svar på ulike oppgåver som læraren seier høgt. Resten av elevane samlar seg i midten av ringen. Læraren ropar eit spørsmål eller eit ord høgt, som elevane må ta stilling til, og springe mot svaret dei meiner er rett. Etter nokre gonger, byter ein elevar som held svara. Bør også byte ut nokre av svara etter kvart. Arka kan dei halde framfor brystkassa si, men viss det kjem elevar springande mot dei er det ein fordel om dei hevar arket overt hovudet slik at alle ser kva det viser.
Denne læringsaktiviteten fungerer fint som repetisjon av eit fagleg emne, men egnar seg ikkje som aktivitet ein heil skuletime. Om ikkje alle elevane er like trygg i det faglege emnet, så vil dei likevel kunne lære noko ved at dei høyrer oppgåva, ser svaret og føl etter dei som kan det. Elevane som held arka vil også kunne lære noko, sidan dei høyrer oppgåva og ser alle svaralternativa.
Døme på fagleg innhald i ein læringssirkel:
Svar eller oppgåver frå gangetabellen, bilde av geometriske figurar, oppgåver med dei fire rekneartane, brøk, land og hovudstadar, engelske gloser, namn på blomar og plantar.
Kobling til kompetansemål
Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til alle fag og emne.
Variasjon
Det kan vere svar eller oppgåver på arka som elevane skal halde. Ta gjerne med nokre svar/oppgåver som er feil, for å utfordre elevane litt ekstra. Om til dømes ikkje alle svara er å finne i gangatabellen, må elevane tenke seg ekstra godt om før dei spring mot eit svar.
Kan legge til konkurranseelement ved å gi eitt poeng til den som kjem først fram til rett ark.
Utstyr
Ark med svar/oppgåver i form av tal, tekst eller bilder. Dersom ein laminerer arka kan dei nyttast fleire gonger og tåler regn.