Aktiv bokmelding

1.-10. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage eit lite rollespel frå ei scene i boka dei har lese.

Beskrivelse

Det er vanleg at elevar les ulike bøker gjennom skuleåret og mange skriv bokmeldingar. Aktiv bokmelding er eit alternativ til den tradisjonelle skriftlege bokmeldinga, der eleven i staden nyttar rollespel til å formidle innhald frå boka. Eleven vel ei hending frå boka som dei ynskjer å vise fram for dei andre elevane i klassen. Om hendinga er litt kompleks med fleire roller, kan det vere lurt å skrive eit kort manus. Rollespelet treng ikkje vare lenger enn 1-2 minutt og andre elevar kan tildelast roller ved behov. Som del av den aktive bokmeldinga bør eleven også vise fram sjølve boka, oppgi namnet til forfattaren og gi ei vurdering av boka.

Kanskje vil ei slik bokmelding inspirere andre elevar til å lese boka?

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i norsk etter 2. trinn:

  • låne og lese bøker frå biblioteket

  • uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar 

Norsk etter 4. trinn:

  • halde muntlege presentasjonar med og utan digitale ressursar 

  • kombinere ulike uttrykksformer i samansette tekstar 

  • utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk 

Norsk etter 10. trinn:

  • uttrykke seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar 

Variasjon

Kan gjennomføre rollespelet utandørs, gjerne i autentiske miljø tilpassa valt hending frå boka. Enkle rekvisittar som til dømes klede eller hattar og utstyr kan gjere rollespelet meir spanande.

Utstyr

Kan nytte rekvisittar om ein ynskjer det.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Læringssirkel

Neste
Neste

Målestokk