Målestokk

4.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevene blir utfordra på å lage geometriske figurar i målestokk.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 2-5 elevar (gjerne dei faste fargegruppene eller læringspartnarar). Kvar gruppe treng eit måleband eller meterstokk og ein stabel med kjegler.

  • Lag eit rektangel på 2 x 3 meter markert med med kjegler i kvart hjørne, og bruk denne figuren som eit utgangspunkt for oppgåvene til elevane

  • Utfordre elevgruppene på å lage ein kopi av figuren i målestokk 1 : 2, utan å sei noko om måla til figuren. Det måler dei og finn ut sjølv. Når alle har fått laga ein kopi av figuren, så kan det vere ein fordel å be ein av gruppene som har fått det til om å forklare korleis dei har tenkt

  • Ny utfordring. Denne gongen skal dei prøve å lage ein kopi av figuren i målestokk 2 : 1. Etterpå kan ein snakke med elevane om forminsking og forstørring.

  • Lag gjerne fleire oppgåver tilpassa nivået til elevane, med andre figurar som til dømes kvadrat og trekantar.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 4. trinn:

  • Utforske og bruke målings- og delingsdivisjon i praktiske situasjonar 

  • Representere divisjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike 

representasjonane 

Variasjon

Kan også bruke hoppetau eller kritt til å markere figurane. Inne kan til dømes malartape vere eit godt alternativ til å forme figurar.

Kritt kan fungere godt til å lage fine sirklar. Bruk til dømes eit hoppetau og hald enden av tauet fast på eit punkt og kritet på lengda til radiusen av sirkelen du vil lage. Drei rundt med kritet ned mot underlaget, og du får ein jamn og fin sirkel.

Utstyr

Måleband eller meterstokk til kvar gruppe og kjegler til å markere hjørna på figurane. Gruppene treng kanskje også kladdebok eller små whiteboard/skriveplater til å notere på.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Aktiv bokmelding

Neste
Neste

Post it!