Post it!
Alle
Generell
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane samarbeider om å utdjupe felles tema.
Beskrivelse
Denne læringsaktiviteten kan nyttast i alle fag og emne. Elevane blir utfordra på samskaping, der dei i fellesskap skal bidra med innhald.
Del klassen inn i par eller mindre grupper på maks fire elevar og gi dei ei lita blokk med Post it-lappar. Heng opp eller legg ut store ark rundt i klasserommet og ev. på gangen (eller ute), og lag overskrift på kvart ark som beskriv eit aktuelt tema. Utfordre elevane til å samarbeide om å skrive relevante faktaopplysningar på post it-lappar som dei heng opp på kvart ark. Dei må prøve å tilføre noko nytt om kvart tema, så dei må også gå rundt å lese lappane som blir hengt opp på dei ulike arka. Elevane kan få nytte bøker og datamaskin, men det kan også vere spanande å utfordre dei til å kome med innspel utan hjelpemiddel. Det kjem an på val av tema og kva dei har av forkunnskapar.
Lærar vurderer når det er kome opp nok innspel til kvart tema. Til slutt kan ein dele inn i nye grupper som samsvarar med tal temaark, og utfordre kvar gruppe til å samanfatte innspela på arket og skrive ein tekst om tema.
Kobling til kompetansemål
Overordna del, Kompetanse i faga:
- Skulen skal gi rom for djupnelæring slik at elevane utviklar forståing av sentrale element og samanhengar innanfor eit fag, og slik at dei lærer å bruke fagleg kunnskap og ferdigheiter i kjente og ukjente samanhengar.
- I arbeidet med faga skal elevane møte oppgåver og delta i varierte aktivitetar av stadig aukande kompleksitet. Djupnelæring i fag innebere å anvende kunnskap og ferdigheiter på ulike måtar, slik at elevane over tid kan meistre ulike typar faglege utfordringar individuelt og i samspel med andre.
Variasjon
Om ein ikkje vil nytte post it-lappar, så kan elevane også skrive direkte på arka. Kan også plassere ut datamaskiner som elevane sirkulerer innom for å skrive om eit gitt tema.
Utstyr
Store ark (plakatar), skrivesaker og post it-lappar. Ev. anna utstyr om ein vel å legge opp læringsaktiviteten på ein annan måte.