Ordsky

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage ord om eit gitt tema

Beskrivelse

Del klassen inn i 4-6 grupper. Velg eitt eller fleire tema dei skal jobbe med. Det kan vere eitt felles tema eller at gruppene får ulike tema. Bruk bokstaverteposar (Klubben.no), laminerte bokstavlappar, magnetiske bokstavbrikker, melkekorkar med bokstavar på eller andre bokstavsett. Det bør vere nok bokstavar til at alle gruppene får lage mange ord kvar. Legg alle bokstavane samla på ein plass. 1-2 elevar frå kvar gruppe hentar kvar sin bokstav, før 1-2 andre elevar på gruppa gjer det same, og slik held dei fram til det er tomt for bokstavar. Samtidig som dei hentar bokstavar, kan dei starte med å lage ord om temaet dei har fått vite av læraren. Bestem om orda skal henge saman som i brettspelet “Scrabble” eller om dei kan lage orda kvar for seg.

Døme på tema for ordsky: øving i ordklassar, tema i samfunnsfag/KRLE eller andre fag, engelske gloser eller andre språk.

Kobling til kompetansemål

Ordsky er ein generell læringsaktivitet og kan koplast til mange fag og emne.

Variasjon

I staden for at 1-2 elevar hentar ein bokstav kvar, så kan heile gruppa hente bokstavar til eit ord dei vil lage. Når dei har funne bokstavane dei treng, så lagar dei ordet der gruppa starta, før dei hentar bokstavar til eit nytt ord.

Kan legge bokstavane i midten av rommet/uteområdet og gruppene samla i kvart sitt hjørne.

Utstyr

Scrabble-sett med bokstaverteposar som er å få kjøpt på Klubben.no, eller ein kan laminere bokstavsett eller skrive bokstavar på melkekorkar.

Kan vere praktisk å bruke ein ring eller eit hoppetau (gjerne i gruppefargen) for å markere plassen der gruppa skal lage ordskya.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

ABC123

Neste
Neste

Læringssirkel