ABC123

1.-2. trinn

Matematikk, norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å forme bokstavar og tal med kroppen sin.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-5 elevar. Læraren eller elevgruppene vel bokstaven eller talet som skal formast. Gruppa må samarbeide for å løyse utfordringa. Kan til dømes ha fokus på små/store bokstavar, vokalar/konsonantar, partal/oddetal. Aktiviteten kan utvidast til å forme ord der gruppene må samarbeide og finne rett plass, eller dei kan lage små reknestykkje eller fleirsifra tal med fokus på posisjonssystemet.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2. trinn:

  • beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar

Norsk etter 2. trinn:

  • trekke bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving 

  • utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk 

Variasjon

Kan legge til konkurranseelement: Kven av gruppene klarar å forme bokstaven/talet først?

Utstyr

Treng ikkje utstyr i utgangspunktet men kan til dømes bruke tal og bokstavterningar til å bestemme kva dei skal forme.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Klappesang

Neste
Neste

Ordsky