Spegling i koordinatsystem

5.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

En læringsaktivitet hvor elevene utforsker og beskriver symmetri i mønster i koordinatsystem.

Beskrivelse

Lag eit stort koordinatsystem frå minus 10 til pluss 10 (kan bruke gummiflisar med tal, k-system du kan rulle ut, laminerte ark eller krit). Elevane kan jobbe parvis eller i grupper. Ein av elevane i paret/gruppa lagar ein geometrisk figur på valfri plass i koordinatsystemet ved hjelp av kjegler eller paddehattar. Etterpå skal den andre eller resten av gruppa prøve å spegle denne figuren om ein av aksane i koordinatsystemet. Dei instruerer kvarandre ein og ein ved å forklare kvar dei skal plassere kjeglene som skal bli speglbilde av figuren. Lærar føl med på at det blir rett.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 6. trinn:

  • utforske og beskrive symmetri i mønster og utføre kongruensavbildingar med og utan koordinatsystem

Variasjon

Utfordre elevane på å spegle diagonalt i koordinatsystemet. Klubben.no sel store koordinatsystem på 10x10 m som kan rullast ut.

Utstyr

Stort koordinatsystem frå minus 10 til pluss 10. Kjegler eller paddehattar til å markere dei geometriske figurane.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Oppgåver i koordinatsystem

Neste
Neste

Reknehopp