Oppgåver i koordinatsystem

1.-4. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

En læringsaktivitet hvor elevene samarbeider om ulike oppgaver i koordinatsystem.

Beskrivelse

Elevane jobbar parvis eller i gruppe. Elevane trekker ein lapp eller triller ein terning som gir dei koordinatar dei skal finne. På koordinatene ligg det oppgåver som elevane skal løyse. Oppgåva kan vere innan matematikk eller andre fag. Dei kan enten skrive ned svaret på ark/skriveplate eller gå til lærar med eit munnleg svar.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 3. trinn:

  • eksperimentere med og forklare plasseringar i koordinatsystemet

  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet

Variasjon

Ein kan velge å ha bokstavar på den eine aksen. Det gjer det litt enklare for elevane å skilje mellom 1. og 2. aksen. Ein kan også finne fram til koordinaten ved hjelp av koding der ein elev i gruppa/paret har bind for augene og blir fjernstyrt fram til målet ved hjelp av kodar.

Utstyr

Laminerte ark med store tal, talflisar med tal frå -10 til 10, eller tallinjer på rull ein kan få kjøpt, til å markere stort koordinatsystem ute eller i gymsal. Eller kanskje skulen har laga eit stort koordinatsystem i skulegarden med spraymaling? Lappar med ferdige koordinatar eller at elevane trekker to tal som blir koordinaten dei skal finne. Kan også bruke terningar til å bestemme koordinatane. Gjerne store skumterningar som kan vise tal frå 0-10. Oppgåver på lappar (gjerne laminert) som skal plasserast i koordinatsystemet.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Just Dance

Neste
Neste

Spegling i koordinatsystem