Reknehopp

1.-4. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

En læringsaktivitet kor elevane utforsker addisjon og subtraksjon gjennom leik.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-4 elevar og gi kvar gruppe eit hoppetau eller eit slengtau. Utfordre elevane til å rekne med einarar og tiarar, med fokus på tresifra tal. Ein eller to av elevane gjennomfører to seriar med hopp (hoppetau eller slengtau). Den første serien er einarar og den andre, tiarar. Så skal dei samarbeide om å rekne saman tala for å sjekke om dei kjem opp i tresifra tal.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2. trinn:

  • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane

  • utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag

  • utforske den kommutative og den assosiative eigenskapen ved addisjon og bruke dette i hovudrekning

Matematikk etter 3. trinn:

  • utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar

  • utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing

Matematikk etter 4. trinn:

  • lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk

Variasjon

Gruppene kan skrive ned reknestykka på ark eller whiteboard etter kvart som dei hoppar, for å øve på oppstilling og utrekning i addisjon.

Ein kan også legge opp til ein progresjon ved å rekne med hundrarar og tusenar, med fokus firesifra og femsifra tal.

Ein kan også jobbe med subtraksjon ved at elevane gjennomfører ein eller fleire seriar med hopp og utrekningar, og at dei etterpå reknar ut differansen mellom tala.

Utstyr

Hoppetau eller slengtau til alle gruppene.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Spegling i koordinatsystem

Neste
Neste

Ordtyven