Sprettord

1.-4. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på rettskriving og dobbel konsonant.

Beskrivelse

Del klassen i gruppe på minst tre elevar med ein ball til kvar gruppe. Ein av elevane i kvar gruppe sin ball og stiller seg i midten med resten av gruppene ståande i ring rundt 5-10 meter i frå.

Når læraren sier eit ord høgt, så kaster alle ballen til gruppa si som skal diskuterer om dei meiner ordet skal skrivast med enkel eller dobbel konsonant. Viss dei meiner det er eit sprettord med dobbel konsonant, så skal dei sprette ballen tilbake. Om dei meiner det skrivast med enkel konsonant, så trillar dei ballen. Elevane kan byte på å stå i midten for kvart ord.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i norsk etter 2. trinn:

  • leike med rim og rytme og lytte ut språklydar og stavelsar i ord

etter 4. trinn:

  • sammenligne ord og uttrykk i norsk og andre språk

Variasjon

Gruppene kan skrive orda på eit ark undervegs i læringsaktiviteten.

Utfordre gruppene til å sei orda.

Utstyr

Tennisball eller andre ballar som er litt sprett i til kvar gruppe. Ev. noko å skrive på/med om ein vel at elevane også skal skrive orda.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Stor linje eller sirkel

Neste
Neste

Symmetri i koordinatsystem