Stor linje eller sirkel
1.-10. trinn
Generell
Inne/ute
Hensikt
Konkretisering av kunnskap i kronologisk rekkefølge langs ei lang linje eller ein sirkel i form av hoppetau eller slengtau.
Beskrivelse
Køyr aktiviteten med heil klasse eller i mindre grupper. Bruk eit slengtau eller fleire hoppetau til å lage ei lang linje eller ein sirkel på golvet i klasserommet, på gangen eller ute i skulegarden. Linja eller sirkelen kan til dømes brukast som ei tidslinje der elevane kan plassere ark med årstall, bilder og tekst på rett stad i forhold til kvarandre. Læringsaktiviteten kan nyttast i fleire fag, og gjerne tverrfagleg. Døme på emne kan til dømes vere planetane sin plassering i naturfag, politiske parti på ein venstre-høgre akse i samfunnsfag, hendingar under 2. verdskrig i historie, handlinga i ei bok i norsk eller div krinsløp i kroppen i naturfag.
Kobling til kompetansemål
Overordna del; Å lære å lære:
Djupare innsikt utviklast når elevane ser samanhengar mellom kunnskapsområde, og når dei meistrar eit mangfald av strategiar for å tileigne seg, dele og forholda seg kritisk til kunnskap.
Variasjon
Hoppetau eller enda kortare tau kan til dømes brukast til å lage piler eller koplingar mellom ulike deler av linja/sirkelen eller mellom ulike linjer/sirklar.
Utstyr
Slengtau, hoppetau eller andre typar tau. Ark og skrivesaker til å lage innhald på linja/sirkelen.