Who am I?
5.-7. trinn
Engelsk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet kor elevane utforsker ord og uttrykk på engelsk gjennom kommunikasjon med sine medelevar.
Beskrivelse
Elevane får festa eit bilde eller ein lapp med ord/utrykk på ryggen eller i panna, utan at dei får sjå på det. Så skal elevane mingle rundt kvarandre i klasserommet eller ute. Elevane skal stille kvarandre spørsmål for å finne ut kven det er bilde av eller korleis ord/utrykk som står på deira lapp. Elevane kan stille spørsmåla som dei vil, men det må vere på engelsk og dei kan berre svare med ja eller nei (yes or no). Kan til dømes ha som regel at dei ikkje får tippe kven det er før dei har stilt minst fem spørsmål.
Kobling til kompetansemål
Engelsk etter 7. trinn:
utforske og bruke uttalemønstre og ord og uttrykk i lek, sang og rollespill
lytte til og forstå ord og uttrykk i tilpassede og autentiske tekster
uttrykke seg forståelig med et variert ordforråd og høflighetsuttrykk tilpasset mottaker og situasjon
Variasjon
Læringsaktiviteten kan kombinerast med andre fag ved at dei får faguttrykk frå til dømes samfunnsfag eller bilde av noko frå naturfag. Denne læringsaktiviteten kan også gjennomførast på norsk eller andre språk.
Utstyr
Bilder av ulike personer eller faglege ord og uttrykk, som kvar person kan feste på ryggen sin med til dømes sikkerhetsnål eller tape. Kan også lage mindre kort med same motiv som elevane kan ha i panna festa med eit panneband (som i bretttspelet kortskalle).