Ordjakt
3.-4. trinn
Norsk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet kor elevane samarbeider om å jakte på ord rundt på skulen.
Beskrivelse
Del inn klassen i par eller grupper på maks fire elevar. Utfordre dei til å gå på ordjakt inne på skulen eller i skulegarden. Ting/objekt dei ser, skriv dei ned i boka eller på brettet. Orda skal sorterast etter kjønn (hankjønn, hokjønn, inkjekjønn) og dei må ha med eit adjektiv som beskriv tingen/objektet. Når dei har samla fem ord i kvart kjønn, kan dei prøve å lage setningar av orda. Dette kan dei gjere inne i klasserommet eller ute om dei har ein plass å skrive. Elevane byter på å skrive slik at alle får skrivetrening.
Kobling til kompetansemål
Norsk etter 4. trinn:
beskrive, fortelle og argumentere muntlig og skriftlig og bruke språket på kreative måter
Variasjon
Utfordre elevane til å skrive ein tekst der dei nyttar alle orda/setningane. Ein kan legge til eit konkurranseelement ved at dei får poeng for kvart unike ord dei har skrive. Når alle er ferdig å samle fem ord kvar, så møtast dei der læraren står og dei får lese opp alle orda sine. Om nokon har dei same orda, så må desse strykast. Kven får flest poeng?
Utstyr
Skrivebøker eller små skrivebrett (whiteboard).