Tiarvenner

1.-4. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet kor elevane samarbeider om å finne sin tiarvenn.

Beskrivelse

Legg gummiflisar eller laminerte ark med tal frå minus 10 til pluss 10 opp ned, slik at tala ikkje er synlege, utover eit område. Elevane kan organiserast i fire grupper som står i kvart sitt hjørne av området. To elevar frå kvar gruppe spring inn og snur kvar sin gummiflis av same farge, viser den til kvarandre og til gruppa. Viss summen av tala blir 10 eller -10 så kan dei ta med seg paret tilbake til gruppa før to nye elevar spring inn på området og gjer det same. Elevane blir som i brettspelet "Memory", utfordra på å hugse kor dei ulike tala ligg for å finne flest mulege talpar. Elevane kan til dømes sei tala dei snur høgt og rekne ut summen i samarbeid med læringspartneren sin. Dei kan også blir utfordra på å sei tala høgt på engelsk.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2. trinn

  • Utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag.

Matematikk etter 4. trinn

  • Utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar

Variasjon

Ein variant av denne læringsaktiviteten kan vere å finne talpar som blir null (null-venner). Da må elevparet snu ein gummiflis av kvar farge (negative tal er blå). Enda ein variant kan vere at kvar gruppe skal samarbeide med ei av dei andre gruppene om å lage ei tallinje frå minus 10 til pluss 10. Dei begynne med ei talflis, men får berre bygge vidare på tallinja om dei finn eit nabotal til det dei har frå før. Kan legge opp til konkurranse mellom gruppepara om å fullføre tallinja først.

Utstyr

To sett med gummiflisar eller laminerte ark frå minus 10 til pluss 10. Kjegler til å markere kvar gruppene skal stå i kvart hjørne av området.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Ta eit standpunkt

Neste
Neste

Preposisjoner