Ta eit standpunkt

8.-10. trinn

KRLE

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane utforskar etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar.

Beskrivelse

Elevane sit på stolar i ein sirkel. Lærar les opp ulike påstandar, der elevane skal bytte plass hvis dei er einig og bli sittjande dersom dei er ueinig. Når elevane har flytta seg kan læraren spørja: Kvifor valde du å bli sitjande, der elevane må gi ei grunnjevning. Lærarens rolle er å få elevene til å utdjupe sine synspunkt med openheit og respekt: «Kvifor trur du at du var i tvil her?», «Kan du forklare litt meir om det?», osv. Døme på påstander til denne øvinga:

  • I dag er det (måndag, tysdag, fint ver, osb.).

  • Alle menneske har rett til å sjå ut slik dei ynskjer.

  • Det finnes nokre måtar å sjå ut på som er meir akseptert enn andre.

  • Gutar skal helst sjå ut på ein bestemt måte.

  • Jenter kan gjerne gå i guteklede.

  • Gutar kan godt gå i jenteklede.

  • Alle menneske har ein seksualitet.

  • Alle menneske har rett til å ha den seksualiteten dei ynskjer.

  • Det er nokre forme for seksualitet som er meir akseptert enn andre.

  • Det er lett å vere heterofil.

  • Om du er homofil, kan du berre sei det.

  • Om du er homofil, bør du helst halde det for deg sjølv.

  • Mange blir utsatt for hatkriminalitet.

  • I Noreg er vi flinke til å anmelde hatkriminalitet.

Kobling til kompetansemål

Kompetansemål i norsk etter 10. trinn

  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og begrunne eigne standpunkt i samtalar

Kompetansemål i KRLE etter 7. trinn

  • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar

Variasjon

Kan nyttast opp mot mange ulike læringsmål. Til dømes kan ein nytta den som repitisjon av fagstoff, men då må ein tenkje over at det kan vere ubehageleg for enkelte elevar å reisa seg før nokre andre gjer det, passar kanskje difor best til refleksjonsspørsmål, noko ein kan stilla i dei fleste fag. Kan nyttast i alle språkfag, og fag der argumentasjon er viktig, til dømes samfunnsfag og naturfag.

Utstyr

Stolar i ein sirkel. Kan også sitje på golvet.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Start Writing

Neste
Neste

Tiarvenner