Ordtjuven

4.-7. trinn

Norsk

Inne/ute/basseng

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage setningar med ord frå ulike ordklassar. 

Beskrivelse

Del klassen inn i 4 lag. Kvart lag har ein rockering der avstanden frå midten til kvar rockering skal vere den same. I midten ligg alle lappane med ord frå ordklassane substantiv, verb og adjektiv. Når læraren bles i fløyta, får elevane lov til å springe og hente ordlappar frå midten eller stele frå eit anna lag sin rockering. Det betyr at alle laga vil også bli stole frå og det er ikkje lov å hindre nokon i å stele. Det er berre lov til å hente ein lapp om gongen og lappen skal leggjast inn i rockeringen til laget ein høyrer til. Læraren bestemmer kor lenge aktiviteten varar, til dømes 3 – 5 min, og bles i fløyta igjen når tida er ute. Deretter skal kvart lag samlast ved rockeringen sin og lage setningar som skal innehalde eit substantiv, eit verb og eit adjektiv, til dømes apekatten – hoppar - høgt. Kvar setning gir 1 poeng. Det kjem til å bli ordlappar til overs på alle lag. Det laget med flest setningar og poeng til slutt, vinn ordtjuven.  

 

Variasjon

Aktiviteten kan gjennomførast både inne, ute og i basseng.  

I starten er det berre lov å hente ordlappar frå midten. Når det er tomt for ordlappar på midten, er det lov å begynne og stele frå dei andre laga.  

Det går an å variere om det er lov å ta 1, 2 eller 3 ordlappar om gongen.  

Det kan også leggjast inn føringar på kor mange som hentar lappar om gongen og tidsbruk på aktiviteten. 

Utstyr

Rockeringar (1 til kvart lag i ulik farge). 

  • Laminerte lappar med ord frå ordklassane substantiv, verb og adjektiv.  

 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Gangeklokka

Neste
Neste

Sheriff