Gangeklokka

1.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning og gangetabellen. 

Beskrivelse

Teikn opp to analoge klokker på ei tavle/ Smart Board. Klokkene skal ikkje ha visarar, men eit tal i midten som symboliserer ein gangetabell, til dømes talet 6 er lik 6 – gangen. Del klassen inn i to grupper som arbeider med kvar si klokke. Ein og ein skal elevane gå fram og gange talet i midten med eit av tala på klokka, til dømes 6 x 4. Deretter skal eleven skrive svaret på utsida av klokka sånn at reknestykket går i ei linje gjennom sirkelen, til dømes 6 x 4 = 24. Etter kvart som det blir vanskelegare, må elevane samarbeide og hjelpe kvarandre for å finne løysingane på gangestykka. Når heile klokka er fylt ut, er gruppa ferdig med gangetabellen og kan få eit nytt tal i midten.  

 

Variasjon

Denne aktiviteten kan også køyrast som ein stafett/ konkurranse mellom dei to gruppene.  

Ein kan variere kor mange elevar som går fram om gangen, om ein går aleine eller i par.  

Utstyr

Tavle/ Smart Board.

 

Kobling til kompetansemål

  • Lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet.

  • Utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel.

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Kroppens anatomi

Neste
Neste

Ordtjuven