Sheriff

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein leikprega læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å tenke og svare raskt.   

Beskrivelse

Læringsaktiviteten kan nyttast i mange ulike fag. Elevane stiller seg opp i ein stor ring, og aktivitetsleiar (lærar eller elev) står i midten som sheriff. Store klassar kan med fordel delast i to grupper. Sheriffen formar fingrane som ein revolvar og siktar/skyt mot cowboyane i ringen (elevane). Cowboyen som sheriffen siktar mot, bøyger seg ned og sheriffen stiller samtidig eit spørsmål. Cowboyane på kvar side av den som har bøygd seg ned, skal duellere og svare på spørsmålet så raskt som mogleg. Her kan ein legge opp til konkurranse ved å premiere den som svarar først (og det er rett svar) med 1 poeng. Kan til dømes gi minuspoeng dersom nokon svarar feil. Ingen går ut av leiken som ved den klassiske versjonen av sheriff, men elevane samlar poeng. Kven blir først til 5 eller 10 poeng? Dersom ein nyttar elevar som sheriff, kan til dømes sheriffen byte med den han sikta på, slik at dei rullerer på å vere sheriff.

Døme på fagleg innhald i læringsaktiviteten: Øving i gangetabellen (kan enten sei svar eller gangestykke som passar til eit tal), Gloseøving i engelsk ved at dei seier kva ordet heiter på norsk eller engelsk (eller i andre språkfag), Øving i ordklasssar i norsk ved at dei må sei eit ord i ordklassen sheriffen bestemmer, Øving i geografi/samfunnsfag ved at dei skal sei namn på hovudstad eller land. Mange moglegheiter med denne læringsaktiviteten.

 

Variasjon

- Ein kan opne opp for å sikte/skyte i to ulike retningar for å aktivere fleire elevar samtidig.

- Kan bruke tennisball eller kanonball til å “skyte” med.

- Kan legge opp til at elevane samarbeider om å løyse oppgåva i staden for at dei skal konkurrere om å svare så raskt som mogleg.

Utstyr

Læringsaktiviteten krev ikkje noko utstyr. Ev. ball dersom ein vil nytte det til å “skyte” med.

 Kan skyte i to retningar for å aktivisere fleire samtidig. 

 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Ordtjuven

Neste
Neste

100-leken