Multiplikasjonssheriff

1.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning og gangetabellen.  

Beskrivelse

Elevane stiller seg opp i ein stor ring, og aktivitetsleiar (lærar eller elev) står i midten som sheriff. Store klassar kan med fordel delast i to grupper. Sheriffen formar fingrane som ein revolver og peikar mot cowboyane i ringen (elevane). Cowboyen som sheriffen peikar mot, bøyer seg ned og sheriffen stiller samtidig ei multiplikasjonsoppgåve frå den vetle gangetabellen. Cowboyane på kvar side av den som har bøyd seg ned, skal duellere og svare på multiplikasjonsoppgåva så raskt som mogleg. Her kan ein legge opp til konkurranse ved å premiere den som svarar først (og det er rett svar) med 1 poeng. Kan til dømes gi minuspoeng dersom ein svarar feil. Ingen går ut av leiken som ved den klassiske versjonen av sheriff, men elevane samlar poeng. Kven blir først til 5 eller 10 poeng? Dersom ein nyttar elevar som sheriff, kan til dømes sheriffen byte med den han peika på, slik at dei rullerer på å vere sheriff. 

 

Variasjon

- Ein kan opne opp for å peike i to ulike retningar for å aktivere fleire elevar samtidig.  

- Kan også bruke tennisball eller kanonball til å “skyte” med. 

- Kan legge opp til at elevane samarbeider om å løyse oppgåva i staden for at dei skal konkurrere om å svare så raskt som mogleg.  

Utstyr

Læringsaktiviteten krev ikkje noko utstyr. Ev. ball dersom ein vil nytte det til å “skyte” med.

 

Kobling til kompetansemål

    • Utforske multiplikasjon ved teljing.  

    • Eksperimentere med multiplikasjon og divisjon i kvardagssituasjonar.   

    • Representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane.   

    • Bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar til å utforske og beskrive strategiar i multiplikasjon.   

  • Utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar.   

  • Formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar.   

  • Representere og bruke brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene.   

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Geometrisk fangelek

Neste
Neste

Team memory