Kor langt eller tungt?
3.-4. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet kor elevane utforsker ulike måleeiningar for lengd og masse i praktiske situasjonar.
Beskrivelse
La elevane, enten individuelt, parvis eller i gruppe anslå lengda, høgda eller vekta på ting, som dei etterpå undersøker nøyaktig i praksis. Det kan til dømes vere å tippe vekta på ein gjenstand før ein veg gjenstanden. Dei kan gjere det same i forhold til lengda eller høgda på ein gjenstand. Når dei har gjennomført måling i praksis og fått svaret, kan dei rekne ut differansen på sitt anslag og det nøyaktige svaret.
Kobling til kompetansemål
Matematikk etter 3. trinn
Bruke ulike måleiningar for lengd og masse i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
Variasjon
Elevane kan også gjere eit anslag på kor langt dei kastar noko eller kor lang tid dei brukar på å springe ein bestemt avstand som til dømes rundt skulen. Kan vere ein fordel om elevane får diskutere det med nokon, til dømes parvis eller i gruppe.
Utstyr
Gjenstandar som elevane skal gjette lengd, høgd eller vekt på. Vekt, måleband eller stoppeklokke.