Klokkeøving

1.-2. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

En læringsaktivitet hvor elevene utforsker klokken og må samarbeide for å finne rett klokkeslett.

Beskrivelse

Tolv elevar stiller seg i ein stor sirkel, der kvar av dei representerer eit tal i ei analog klokke. Elevane bør merkast med tal i form av vestar eller ark som viser talet. Til å vise klokkeslett kan ein nytte ulike ballar. Stor ball representerer timevisar og liten ball minuttvisar (eller omvendt). Lærar eller elev seier eit klokkeslett og elevane må kaste ballane til rett elev for at uret skal vise rett klokkeslett. Kan med fordel visualisere klokkeslettet ved å skrive det i digital form på eit stort ark eller på ein whiteboard. Ein kan også bruke to lange tau med ein knute på som visarar. Elevane kan i fellesskap kan dreie dei rundt, eller to hoppetau med ulike fargar for dei ulike visarane.

Kobling til kompetansemål

Matematikk etter 2.trinn:

  • forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender

Variasjon

Ein kan også stille elevane opp i ein dobbelsirkel der indre sirkel viser timar og ytre sirkel minuttar. Prøv ein liknande aktivitet med digital klokke, der elevane samarbeider om å forme eit stort digitalt klokkeslett. Denne aktiviteten kan også gjennomførast parallelt med den analoge varianten.

Utstyr

Vestar med tal på frå 1-12 eller ark (gjerne laminert). Ballar, to ulike hoppetau eller lange tau med knutar. Alt etter korleis ein vel å køyre læringsaktiviteten.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Preposisjoner

Neste
Neste

Retorikk i naturen