Tidslinje

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å fylle ei tidslinje med innhald i rett rekkefølge.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-6 elevar eller at heile/halve klassen samarbeider om det same prosjektet. Bruk til dømes eit hoppetau/slengtau på golvet eller nokre meter kraftpapir eller vanlege ark på veggen som utgangspunkt for ei eller fleire tidslinjer. Elevane skriv og teiknar til tidslinja og samarbeider om å plassere det på rett plass. Dei kan feste ark/lappar med tekst og teikningar med tape på golvet langs med tauet eller med limstift på kraftpapiret om ein jobbar på veggen.

Døme på fag/emne som kan passe til denne læringsaktiviteten: Jobb med planetane sin plassering i solsystemet i naturfag, handlinga i ei bok eller novelle i norsk, politiske parti plassert på ein høgre-venstre akse i samfunnsfag, hendingane under 2. verdskrig i historie, hendingane i påskehøgtida i KRLE, menneskets fordøyingssystem i naturfag, dinosaurane si tid på jorda, plassere talverdiar frå minst til størst med ulike desimaltal i matematikk.

Når dei er ferdig med arbeidet, kan det evre fint om dei presenterer tidslinja for kvarandre.

Kobling til kompetansemål

Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til kompetansemål i mange ulike fag.

Variasjon

Kan også lage tidslinje med farga tape på golvet eller krit på asfalten. Dersom elevane skal jobbe med ei tidslinje over fleire økter/dagar er det best å ha den på veggen.

Utstyr

Hoppetau/slengtau eller kraftpapir/ark til å lage tidslinje. Noko å skrive/teikne med og på. Tape og/eller limstift.

 

Sjekk ut desse populære læringsaktivitetane

 
 
Forrige
Forrige

Matematiske tegn

Neste
Neste

Temavegg