Augekontakt
Alle trinn
Generell
Inne/ute
Hensikt
Augekontakt er ein fin aktivitet der elevane utfordrer seg på å jobbe med nonverbal kommunikasjon og samarbeid.
Beskrivelse
Elevane stiller seg i ein stor sirkel med ein eller to elevar i midten. Elevane i sirkelen kan byte plass med kvarandre men dei får ikkje kommunisere (avtale) med anna enn augene (blikket). Dei kan dermed ikkje blunke, nikke med hovudet eller andre teikn. Elevane i midten skal prøve å ta nokon av dei som byter plass. Dersom dei klarer det, så byter dei rolle. Elevane blir som regel overraska når dei oppdager at det går an å kommunisere med blikket.
Kobling til kompetansemål
Læringsaktivteten er generell og kan kobles til overordnet del av læreplanen.
Variasjon
Utfordre elevane til å gjennomføre det same, men at dei parvis held kvarandre i hendene. Da blir det to sett med auger som skal avtale å byte plass med eit anna par i sirkelen. Dei får ikkje sleppe hendene til kvarandre med aktivteten foregår. Elevane som står i midten må også halde hender.
Utstyr
Ingen utstyr.