Setningshopparen
1.-7. trinn
Engelsk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å eksperimentere med kjente ord og enkle setningar.
Beskrivelse
Del klassen inn i mindre grupper. La gruppene teikne opp kvar sitt paradis med krit i skulegarden. Paradiset skal innehalde rutene 1 – 1 – 1 – 2 – 1 – 2 – 1 – 1 – 1 – 1 – 1 – 1 – 2. Ein og ein skal elevane hoppe paradiset, medan dei seier «THIS IS MY …» i dei tre første rutene. I den første toaren, står elevane i ei rute medan dei plukkar opp ein av fem ting som ligg mellom rutene, for eksempel (pencil, eraser, sharpener, bottle, glue). Vel kjente ord/ ting for elevane. Elevane tar med seg tingen vidare inn i den neste ruta og seier «I …». I den neste toaren vel elevane verbet som passar til tingen dei valde, for eksempel (write, erase, sharp, drink, paste). Elevane hoppar deretter vidare og seier «WITH MY …» og namnet på tingen dei har tatt med seg. Vidare seier dei: «IT’S COLOR IS …» og i siste toaren beskriv dei fargen på tingen, for eksempel (black, white, red, green, purple). Såleis lagar elevane enkle setningar med kjente ord medan dei hoppar paradiset, for eksempel: «THIS IS MY PENCIL. I WRITE WITH MY PENCIL. IT’S COLOR IS BLACK». Elevane kan velje om dei tar same ord/ ting som den før seg eller om dei prøver seg på noko nytt for kvar gong.
Variasjon
Ulike ord/ ting for kvar gong elevane hoppar paradiset.
Laminerte A3 ark med hjelpeord for kva elevane skal seie når dei hoppar.
Utstyr
Krit, 5 ting som elevane kjenner, (laminerte A3 ark med hjelpeord).
Kobling til kompetansemål
-
- lytte til og kjenne att språklydar og stavingar i ord
- kople språklydar til bokstavar og stavemønster og trekkje bokstavlydar saman til ord
- lytte til og utforske det engelske alfabetet og uttalemønster i leik- og songaktivitetar
- oppdage høgfrekvente ord og frasar i ulike typar tekstar
- stille og svare på enkle spørsmål, følgje enkle instruksjonar og bruke nokre høflegheitsuttrykk
- lese og eksperimentere med å skrive kjende ord, frasar og enkle setningar