Minglebingo
1.-7. trinn
Generell
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane tar kontakt med kvarandre og minglar om ulike sosiale og faglege spørsmål.
Beskrivelse
Lag eit bingobrett (ark) med 3x3, 4x4 eller 5x5 ruter. Skriv eit spørsmål i kvar rute som handlar om temaet for undervisninga. Det kan vere både faglege og sosiale (vedlegg) spørsmål. Læringsaktiviteten fungerer fint til å bygge gode relasjonar i elevgruppa. Elevane får eit bingobrett kvar og bevegar seg rundt i klasserommet eller ute i skulegarden og tar kontakt med andre elevar. Kan vere ein fordel å ha arket på ei skriveplate. Elevane tar «stein – saks – papir» med kvarandre og den som vinn får stille spørsmål frå ei av rutene på bingobrettet. Dersom eleven svarar «riktig» eller har gode refleksjonar på spørsmålet/ påstanden, får den krysse av på brettet sitt. Elevane minglar vidare og tar kontakt med ein annan elev. Prøv å få snakka med flest mogleg i løpet av aktiviteten. Dersom ein elev får 3, 4 eller 5 på rad, ropar dei “bingo”. Kven klarar å få “bingo” flest gonger og kven fyller heile bingobrettet først?
Variasjon
Aktiviteten kan gjennomførast som ein konkurranse der den som får «bingo» flest gonger eller den som har flest avkryssingar når ein avsluttar er vinnaren. Kan også ha med andre bingoreglar som “hjørne” (kryss i alle hjørna på bingobrettet) eller “tripp trapp” (1-2 og 3 kryss i kvar rekke).
Ulike variantar av bingo: «Bli kjent» - bingo, fagleg bingo, aktivitetsbingo.
Utstyr
Bingobrett, skriveplater og tusjar.
Kobling til kompetansemål
-
Læringsaktiviteten er generell og kan koplast til overordna del av læreplanen.